Copy
4H Sogn og Fjordane sitt nyhetsbrev går til klubbstyra, klubbrådgjevarar, fylkesstyret og 4H-gardane som har registrert verv i medlemsregisteret.
View this email in your browser

Skal klubben din ha påskemøte og lage påskepynt?
Legg ut på 4H Sogn og Fjordane si facebookside kva de gjer på møtene, kanskje nokon andre får nye idear.

 

Send også inn stoff til Kløverknekten, hilde.svaeren@4h.no, fristen er 18. april.
Opning av ny 4H gard.
Laurdag 8. april kl 13 
blir det opning av Strand 4H gard på Vassenden i Jølster.
På programmet står det opning, natursti, sjå på dyra, kiosk og
meir moro.
Velkomen til Strand 4H gard
.
Finn fram i jungelen av tilskot.
Er du engasjert i frivillig sektor? Bli med på gratis samling 1. april for å lære meir om kvar du kan sikre deg pengar, og korleis du søkjer.
Les meir her





 
Nordisk 4H-leir
29.juli - 5. august 2017
Bli med til Kalnes VGS i Østfold 29. juli – 5. august, der blir det mykje moro ei heil veke til endes.
Påmeldinga opnar 1. april, og det er mange spennande aktivitetar å velje mellom. Ved påmelding før 20.mai kostar leiren 2500,- kroner. Påmeldinga er bindande.
 
4H Sogn og Fjordane ordnar med bussreise til leiren. Det er ei eiga påmelding til reisa, via medlemsregisteret, eller Kløverjakt-appen. Denne opnar også 1. april. Prisen er ikkje klar enda, men vil komme rundt 1500,- kroner.
 
4H Sogn og Fjordane ordnar også med vaksenleiarar til leiren, hovudleiar vert Eirik Vikøren.
 
Hald deg oppdatert om leiren på Facebooksida til leiren, Nordic 4H camp 2017 eller på www.nordic4hcamp2017.no  
4H-kampen
Etter fleire månader utan 4H-kamp har vi no laga ny. Denne handlar om 4H. Lykke til, fasit sender vi til klubbrådgjevar A.
Last ned her.

 
Fem nye Draumeplassen vinnarar skal kårast
I år er det heile 5 vinnarar som kvar vil få tildelt 100 000 kr. Konkurransen ligg tilgjengelig på www.naturmoteplass.no fram til 21. mai 2017.
Vinnarane blir kåra 1. juni 2017.
Fylkesleir 2017
Er du klar til Fylkesleiren på Mo i Førde, 22.-25. juni.?
Leirkomiteen har mange gode aktivitetar og tevlingar dei jobbar med.
Følg med i Kløverknekten som kjem i april.
Fylkesstyret

Har hatt det første møtet sitt og konstituert seg. Gunhild Sandal vart vald som leiar på årsmøtet og Eirik Vikøren vart vald av styret til nestleiar. Dei andre i styret er Vilde Ulsten, Inger-Margrete Sørland og André Gåsemyr. Vararepresentantar er Kristina Støfring, Trude Bergum og Guro Vangen Førde. Ordførarar i årsmøtet er Dianne Eikås og Steffen Fjellestad. Eirik Førde er representant for alumnane.

Fylkesstyret ser fram til å møte medlemmene og 4H-klubbane på arrangement og ved å verte inviterte til klubbane.

Søk om midlar frå Sparebankstiftinga
4H-klubbane kan søkje om midlar til Sparebankstiftinga via 4H Sogn og Fjordane innan 1. mai. I år kan du søkje til mellom anna naturmøteplassar og "Fikser alt"-aktivitetar.
4H Sogn og Fjordane søkjer årleg om støtte til fylkeslaget og 4H-klubbane frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.
For å søkje midlar må de sende inn søknadsskjema på e-post til hilde.svaren@4h.no innan 1. mai. Fylkesstyret i 4H Sogn og Fjordane vil handsame søknadene på styremøte før sommaren, og ein kan rekne med svar i løpet av mai.
Her er områda fylkesstyret vil prioritere i årets søknadsrunde:
  • Tilskot til nye og eksisterande lokale naturmøteplassar, samt friluftsaktivitetar
  • Støtte til «Fikser alt»-aktivitetar
  • Andre spennande tiltak 
Søknadsskjema

Klubb
Årsmelding Årsrapport Verv Regnskap
Atløy 4H Ikkje lagt inn Ikkje lagt inn Ikkje lagt inn Ikkje lagt inn
Bergkrystallen 4H Ikkje lagt inn amatørteater og underholdning      
Den grøne riddar 4H Ikkje lagt inn Ikkje lagt inn   Ikkje lagt inn
Firkløveren 4H Ikkje lagt inn      
Fjellklang 4H Ikkje lagt inn årsmelding i tal     Ikkje lagt inn
Fjelltind 4H Ikkje lagt inn amatørteater og underholdning      
Freidig 4H (Eid)       Ikkje lagt inn
Guddalstoppen 4H Ikkje lagt inn amatørteater og underholdning Ikkje lagt inn    
Hakkespetten 4H Ikkje lagt inn amatørteater og underholdning      
Hauk 4H Ikkje lagt inn amatørteater og underholdning      
Heggrosa 4H Ikkje lagt inn amatørteater og underholdning Ikkje lagt inn    
Hei og Hå 4H Ikkje lagt inn amatørteater og underhaldning Ikkje lagt inn    
Kløveren 4H Ikkje lagt inn Ikkje lagt inn Ikkje lagt inn Ikkje lagt inn
Krokane 4H Ikkje lagt inn årsmelding i tal Ikkje lagt inn    
Lauvsprett 4H   Ikkje lagt inn    
Loen/Rake 4H Ikkje lagt inn amatørteater og underholdning      
Neptun 4H Ikkje lagt inn amatørteater og underholdning      
Oldedalen 4H Ikkje lagt inn Ikkje lagt inn   Ikkje sendt inn
Regndalen 4H Ikkje lagt inn amatørteater og underholdning      
SOFA       Ikkje lagt inn
Solrenning 4H Ikkje lagt inn Ikkje lagt inn   Ikkje lagt inn
Solstrålen 4H Ikkje lagt inn Ikkje lagt inn Ikkje lagt inn Ikkje lagt inn
Vårliv 4H (Førde) Ikkje lagt inn Ikkje lagt inn Ikkje lagt inn Ikkje sendt inn
Vårvon 4H Ikkje lagt inn Ikkje lagt inn   Ikkje sendt inn
 
Copyright © *2017* *4H Sogn og Fjordane, All rights reserved.

Kontaktinformasjon
4H Sogn og Fjordane
Hafstadgården
Fjellvegen 11
6800 Førde

Want to change how you receive these emails?
You can update your preferences or unsubscribe from this list

4H Sogn og Fjordane - Hafstadgården - 6800 Førde - Noreg






This email was sent to <<Email Address>>
why did I get this?    unsubscribe from this list    update subscription preferences
4H Sogn og Fjordane · Fjellvegen 11 · Hafstadgården · Førde, 6800 6800 · Norway

Email Marketing Powered by Mailchimp